Fant Omplassering av hundar - Nesttun

Velkommen til den offisielle sida på Facebook, for Fant omplassering av hunder i Bergen. Vi kan kontaktes på fant.omplassering@hotmail.com,




Finne gode, stabile og trygge heimar til hundar som treng dette.

FANT omplassering av hundar er eit senter og organisasjon i Bergen.
Vårt mål er å finne gode heimar til hundane vi har inne på vårt senter, samt at vi hjeper privatpersonar med omplassering av private hundar.

Det er forøvrig ikkje alle hundane på senteret som er til omplassering. Om nokon finn ein hund, og melder dette til politiet, så er det vi som hentar inn hunden for å sjekke chip og ellers ta oss av den inntil eigar melder seg.
Vi har ôg oppstalling av hundar som er involvert i politi- og mattilsynssaker.
Av desse årsaker ønsker vi at besøkande lagar avtale med oss før besøk.

Vi hjelper privatpersonar med prosessen å omplassere hund. Send oss då ein mail med utfyllande informasjon om hunden din, samt eit bilde, slik at vi kan publisere ei anonnse på våre sosiale mediar, Facebook og heimesider.
Vi får til stadighet henvendelsar fra folk som ønsker å adoptere ein hund, ofte av bestemte kriteriar, vi vil gå igjennom desse for å finne aktuelle kandidatar som kan bli ein ny heim for din hund.


Ved omplassering vil vi gå igjennom ei kontrakt, og ta eit gebyr for hunden, som dekkar eventuelle vetrinærutgifter, mat og oppstalling.

Ved omplassering av kvalpar vil det inngå kvalpekurs ved Fjellanger Hundeskole i prisen. Det er møteplikt på dette kurset. (om du ikkje bur i Bergen må du sjølv melde deg på eit kurs der du bur).

Vi søker til stadighet personar som kan fungere som fosterheim. Send oss ein mail om du ønsker meir informasjon rundt dette.

Dersom du ønsker å hjelpe oss med utstyr, fôr eller økonomiske bidrag, takkar vi hjerteleg for det! Alle bidrag er gode bidrag.
Har du utstyr du ønsker å donere til vårt senter, kan du ta kontakt på mail: fant.omplassering@hotmail.com eller telefon : 55130566 (kl.10-15 alle dagar)
(Om du ikkje når oss på telefonen, så er det fordi vi er opptatt med å stelle med hundane-prøv då igjen seinare, eller send oss ein mail)


Ønsker du å donere pengar til FANT, er kontonummeret vårt 5201.16.54983
Om du ønsker kan du øremerke bidraget, som feks veterinærutgifter, fôr, utstyr, ein bestemt hund, vedlikehold av senteret osv osv

VI TAKKAR PÅ FØREHAND ALLE SOM ØNSKER Å BIDRA

Osvegen 18 A
Nesttun, 5227
Norway